DATO: 31.01.2011 / KLOKKESLETT: 22:52

10 kommentar(er)

[Eigentleg skreve 1.Januar som ein oppfølgar til ''Året som gikk så altfor lite stille forbi'']

 

Men året 2010 gjekk ikkje like knirkefritt som det kanskje kunne virke, det var og året eg mista venar, oppdaga at nokre venar ikkje var så gode som eg hadde håpa og merka at dei ikkje alltid er der, sjølvom dei seiar det. Det var året søstra mi flytta til andre sidan av jorda, året eg hadde mine to flauaste timar første skuledag og året mormora mi blei sendt til akutten på sjukehuset.

Det blei slutt med min første kjærast, og eg brukte utallige timar på tårer og tunge stunder.  Negative tankar som flaumar over i hovudet, nesten som sjøen om morgonen med mormor. Og eg veit ikkje om eg likar det.



Vurderar spm.runde. nokon interesert ?




DATO: 30.01.2011 / KLOKKESLETT: 19:39

4 kommentar(er)

Fredag fekk eg det etterlengta albumet ''Violeta Violeta'', å herlighet, eg elskar det. ''Hjerteknusar'' gir for eksempel ei heilt ny betydning no, å herlighet, den er trist. Det inspirerar meg, det inspirera meg faktisk så mykje at eg held på å lage nytt design til bloggen akkurat no. Eg skal fortelle kvifor neste veke.



Biletten min, eg gledar meg.




DATO: 27.01.2011 / KLOKKESLETT: 22:21

5 kommentar(er)

Dagsfordrivande inlegg er crappy, og fyll berre plass på bloggen medan eg jobbar med to store. Eg lovar, to svære.

Fram til dei kjem, kan eg dele noko av det viktigaste som ekjer i livet mitt framover, vi snakkar store ting, vi snakkar kaizers orchestra i oslo spektrum 9. april. Vi snakkar lykke. Vi snakkar verdas beste jenter. Vi snakkar... eigentleg berre skriv eg, så istedet setter eg på plass eit fint bilete av ''Violeta Violeta tour''. Eg gler meg.

-Kaizers- spelelista mi spotify, om nokon er interisert.



(Propaganda på g.)




DATO: 25.01.2011 / KLOKKESLETT: 21:16

6 kommentar(er)

..Sa ein kjend skodespelar ein gon eller fleire og blei kjempekjendis. Og då spør eg, hjelp det og for litt mindre kjende norske bloggerar? Eg har vertfall prøvd det, om og om og om igjen. Men om det hjelp ? Ja, faktisk litt. Men anyschwarz så er meininga faktisk tenkt å prøve å få gjort noko framover, som foreksempel å blogge? Og noko eg (HELDIGVIS) har merka, er at fotoinspoen er tilbake etter ein ufortjent ferie. Så kanskje ein skal byrje å bruke bloggen til det han ein gong var oppretta til? God ide. Så, eg skal prøve ivertfall.

KUNSTPAUSE MED EIT BILETE AV MEG SJØLV.

ah..

I det sisste har eg eigentleg gjort null, bortsett fra å ha uendelege øvingar med verdas beste klasse, sakt hade til søstra mi, kosa meg med fine vener, og ikkje minst (!) hatt premiere på skodepselet ''Super'' av Knut Nærum.



Så her slappar vi av med ein del musikk-folk, sidan vi i drama var slitne etter ein vill premiere-fest, og crazy mattetime.








hits