DATO: 31.12.2010 / KLOKKESLETT: 21:40

13 kommentar(er)

Året 2010 var året alt skjedde.

Det byrja med julefeiring nr. 2 saman med ei gamal familie, og ei ny. (les: søstra og han som denne dagen blei hennar forlovede)

Året fortsatte med ein snøfyllt januar, der eg og tre til, tok turen til vår kjære Ingelin, og litt etter kom to nye skapningar inn i livet mitt. Først, mi kjære Melodie Aase,  verdas finaste tantebaby, og dagen etter, kom hunden min, Ingodds Juno/Zita.
Snøen ville ikkje gi seg, og i februar  bar det avsted til Bondalseidet med den same jenta, den samme månaden fekk eg og min første kjæreste.

Mars baud på årets første lan saman med Nansy og Ida, dataparty blei for longdrygt i dei seine nattetimar, så i vinterens mørke timar, tok vi på oss slagstøvlar, og fine hattar tok vi turen til Noregs finaste badestrand, sjølom vi ikkje våga oss ut i vatnet.

Med April følgte fotballdraumen, men sidan underteikna skulka første treninga, blei det med draumen.

Mai var båttur, bestevennkos og 17.Mai feiring med fine jenter, men mai var og ein fantastisk tur til Oslo saman med Ingelin. Turen blei tilbringt på Bogstad-camping, og tida gjekk med til hundeutstilling, rote seg vekk i utkant-Oslo, og å vandre opp og ned Karl Johan ca. 100 gongar daglig. Det var alt i alt, kanskje den finaste opplevinga denne somaren. Vi avsluttar månaden ved å nevne at MGP finala ikkje gjekk likevel som ifjor, med Didrik i hjarte og flagget i handa, kom og tårane i augekroken.

Juni bar på så mangt, Ulsteindagar, avslutningstur med klassa, eit mislykka teoriforsøk, skuleavslutning og somarbal. Juni var ein trist månad, men sjølv om tårene satt godt klistra til andletet, enda han godt. Eg blei jo nemleg 16 år, og eg var på intervju med Explorius.

I juli kom somarferie, og eg venda nasa tilbake til Hamar i nokre dagar, men då søstra mi skulle flytte, blei ikkje ferien så lang som den brukar, men så lenge eg fekk sjå ho og Mel litt lenger, gjekk det veldig greit.

August kom, og etterlot seg fine minne. Vi snakkar Erik og Kriss konsert, trebåtfestival, Vålerengakamp, og skulestart. Skulestarten gjekk heldigvis bedre enn forventa, og allerede første friminuttet blei eg kjend med han som eg så gledelig kan kalle ein av mine bestevenar, Kristoffer.

I september kom det eg har venta i fleire år på, eit lite rosakort som seier at eg kan kjøre kjærleiken min, Daniel. Dette skulle feirast med tur, så motoren blei starta og med Nansy bak på, tok vi turen ut i sollyset og fresa oss heilt til enden av Herøy, Voldsund.

Oktober bestod so og sei berre av pauser, pauser i alt. Men det bestod og av teaterstykke i Ålesund sentrum og ta sjangsen med klassa.

November gav oss de første snøen, som og baud på den første snøballkrigen. Månaden gav meg og to fine, vårt gjennombrudd som regissørar i nattetimane mot 1. søndag i advent. Denne søndagen blei feira med god frokost saman med Ida, og sjølv om vi var heime åleine, stod vi for song og egg.

Og sjølvom desember ikkje endar før om eit par timar, så er det likevel over. Desember har vore klasskos, sjukdom, julegaveshopping, jobb, julebord, juleball, juleavslutning, julebesøk, julaftan og romjul. Desember har vore jul.

(bilete kjem når blogg blir fiksa...)




DATO: 09.12.2010 / KLOKKESLETT: 19:58

7 kommentar(er)

``Når man avogtil blir sterkt knyttet til noen, må man knyte opp igjen til slutt.Selvom kanskje knuten er stram, og det gjør vondt når du prøver, går den opp. Man kan ikke ha på seg løpeskoene for alltid.``









DATO: 08.12.2010 / KLOKKESLETT: 22:12

9 kommentar(er)

..Bur it's OK, everyone knows me here.``

Så ok, velkommen til mi verd, rettare sagt, mitthovud. Her bur tusenvis av mennesker, kanskje ein skikkelse av alle eg nokon gong har møtt, og ikkje minst alle eg vil møte. Dei ruslar rundt, utan å heilt vite kvar dei skal, som eit fotballag på Karl johan midt under Norway Cup.

Eg elskar å være her, heilt for meg sjølv, aleine, og alt er fint. Spesielt om sumaren, og om julafta. Når eg treng nokon å drøyme om, går eg inn i meg sjølv, og spelar det ut i hovudet mitt. dagdrøyming er kanskje det beste eg vet. Verkelegheita er mi, og ingen andre si.

Men i hovudet mitt er der eit problem. Om vinteren, når mørketida kjem, gjer mørketankane entrè, på same måte som Tyskarane om sumaren. Dei er ok i eit visst antal, men når dei blir for mange, tek dei over. Og i Juni/Juli tek tyskarane alltid over, med mindre du drar på ferie. Mørketankane har ankomt, og alle andre skikkelsane er på ferie. Alle utanom meg, eg blir igjen, nesten som om eg jobbar på ein feriekoloni som skal ta seg av dei.

Og no er eg redd, desember frå i fjor er den samme som i år, og du skulle vore her og trøysta meg. Men eg tør ikkje seie det, eg har ingen i hovudet mitt som støttar opp forslaget, og pressar meg fram, snakk til meg.



Ellers, så er det idag 30 år sidan John Lennon vart brutalt skutt, og drept foran si eiga leiligheit i Dakota Bygninga i New York. Navnet på mordaren er ikkje vanskeleg å finne, men då eg fant ut grunnen til at Lennon blei skutt, orkar eg ikkje skrive navnet hans lenger. Har sjølv tent 3 lys, og hatt 30 sekunders stillheit for meg sjølv. skal forresten sørge vidare med Katja neste veke.




 




DATO: 08.12.2010 / KLOKKESLETT: 21:38

3 kommentar(er)

-Eg saknar deg heile tida.
-Eg skulle ønske du tok kontakt.
-Du bur altfor langt vekke.
-Ting tek tid, gi meg den tida eg treng.
-Eg er redd.
-Du gjer meg sur heile tida, men samtidig kjempeglad.
-Eg skulle ønske du brydde deg.
-Alle andre jenter gjer meg sjalu.
-Eg vil du skal holde meg og stryke meg i håret, ogsei at alt ordnar seg.
-Eg drøymar om deg kvar dag.
-Eg skulle ønske dykk las dette, samtidig som eg er glad du aldri får vite det.

Blei 11 då det gjeld forskjellige personar.




DATO: 07.12.2010 / KLOKKESLETT: 22:21

0 kommentar(er)

-Sjukdom.
-Urettferd.
-Når ting ikkje går slik som eg ser for meg at dei skal.
-Når bobla mi sprekk, og alt blir verkelegheit.
-Dei dagane eg står opp og berre vil legge meg att.
-Å være overglad på jobb.
-At eg blir altfor fort knytta til folk.
-At eg går på skule langt frå mine gamle venar.
-Den følelsen som kjem når du ser ein film for andre gong, og fortsatt vil det skal skje noko anna, fordi du ikkje vil innsjå sannheita i filmen.
-Ventetida mellom to sesongar av OTH, evt. ventetida mellom jul og sumar. Eg synest at vår og haust er unødvendig.




DATO: 07.12.2010 / KLOKKESLETT: 17:19

5 kommentar(er)

Og ellers da, så er eg blitt sjuk.

Under tentamen igår vrengte magen seg, og alt kom opp. Skrivinga motte avbrytast, og vips sat eg på første båt heim. Og båt i dette været her, når tarmane netopp er blitt vaska, er ikkje spesielt deilig.

Skal uansett på skulen imorgon, då vi har enda ein tentamen, matte.

Gammalt bilde, ja, men der hadde eg vertfall farge i kinna!




DATO: 06.12.2010 / KLOKKESLETT: 14:15

2 kommentar(er)

-One Tree Hill, addict.
-Snø.
-Sumar.
-Jul.
-Klassa mi.
-Hunden min.
-Vålerenga.
-Musikk.
-Kameraet mitt. DOFFEN <3
-Daniel (sykkelen min).




DATO: 05.12.2010 / KLOKKESLETT: 21:18

1 kommentar(er)

-Eg har eit talent for å miste ting.
-Eg er nynorsk-forkjempar. 
-Eg er blodfan av Vålerenga.
-Eg har ein fasinasjon ovanfor USA.
-Eg er stolt av å være norsk, noko eg alltid kjem til å ver.
-Ein av ynndlingsfilmane mine er Max Manus.  
-Eg går på Fagerlia VGS.
-Eg blir ofte betatt av gutar, men veldig sjeldan forelska.
-Eg likar ikkje å knytte meg til folk.
-Eg er verdas stoltaste tante, og fadder.







DATO: 05.12.2010 / KLOKKESLETT: 15:09

0 kommentar(er)

You bite your lips saying ; I'm better than you, and everything is going to be alright.






DATO: 04.12.2010 / KLOKKESLETT: 22:22

0 kommentar(er)

Heihei, eg byrjar på nytt eg.

DAG 1 -  10 ting om deg selv.
DAG 2 - 10 ting du elsker
DAG 3 - 10 ting du hater
DAG 4 - 10 ting du vil si til en person
DAG 5 - 10 ønsker
DAG 6 - 10 gjenstander du ikke kan leve uten
DAG 7 - 10 viktige personer
DAG 8 - 10 av dine favortt sanger
DAG 9 - Hva er i vesken din?
DAG 10 - En dag i livet, fotografier tatt i løpet av dagen
DAG 11 - Et fotografi tatt for 2 år siden
DAG 12 - Et bilde av deg, ikke tatt av deg selv
DAG 13 - Et bilde av varen du kjøpte sist
DAG 14 - Hva ønsker du mer enn noe akkurat nå?
DAG 15 - Din nåværende ønskeliste
DAG 16 - Det vakreste bilde av din bestevenn / bestevenner
DAG 17 - En TV- show du er avhenig av
DAG 18 - Et bilde av håndskriften din
DAG 19 - bakgrunnsbildet på datamaskinen din
DAG 20 - En sang som passer humøret
DAG 21 - Et bilde av byen / bygda du bor i
DAG 22 - Et fotografi tatt av deg i dag og skriv 3 gode ting som har skjedd de siste 22 dagene.




DATO: 04.12.2010 / KLOKKESLETT: 21:58

0 kommentar(er)


Long time, really long see.

Har hatt problemer med å kommem eg på blogg.

I det sisste har jeg tilbringt fin tid, med fine venner, begynt med julegaver også videre.
Men det viktigste som har skjedd, er at jeg har fått SØKNADSPAPIRENE!!!!!!!!! De er på go vei tilbake til de jeg fikk dem fra, så dette her er fint. Min ameriknaske familie, her kommer jeg!

















hits